Daniel Kvammen og Fredrik Høyer


Daniel Kvammen returnerer til Holmatun! Denne gongen saman med den vidgjetne Fredrik Høyer under arrangementet "Lytt til lyrikken"


-----


Er det skilnad på å skrive eit dikt og ein songtekst? Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet for strenginstrumentet «lyra», og det kinesiske ordet for lyrikk «shi», tyder ordsong. I denne programposten har songpoet Daniel Kvammen fått invitere med seg ein poet han har lyst til å møte, og valet fall på Fredrik Høyer. Dei to møtest til ein samtale om inspirasjon, om å skrive og å leve av og med, songar og dikt. Det blir også laga rom for at vi spissar øyrene, og lyttar til lyrikken. Daniel Kvammen og Fredrik Høyer deler både song og dikt med publikum.


I Daniel Kvammens musikalske univers møter bygda, byen, og tenåringsangsten den store kjærleiken – både den lukkelege varianten, men også det underfundige, ulukkelege og ettertenksomme. Med låta «Du fortenar ein som meg» kom suksessen så og sei over natta, men Daniel Kvammen har etablert seg som ein solid låtskrivar med brei appell. På hans neste album, Guta som gret, dukkar han inn i det såre og eksistensielle, og singelen «Falle frå jorda» snurrar no på radio.


Fredrik Høyer er poet, forfattar, og skodespelar, kjend for sine sterke litterære og musikalske opptredenar. Med ein fascinasjon for rap, hip-hop og jazzlyrikk blandar han treffande linjer med oppfinnsame rim og humor i munnlege gatedikt. Diktsamlinga Grønlandssutraen vart sett opp for fulle salar på Nationaltheateret og fekk Liv Ullman til å uttala at ho hadde vore med på ei stjernestund. Han er for tida aktuell med technopoesi-prosjektet «Til alt ute», saman med Bendik Baksaas.


Lytt til lyrikken er ein programserie i regi av Olav H. Hauge-senteret, Nynorsk kultursentrum

Medarrangør: Olav H. Hauge-senteret

------

Tryggleik/Covid-19:

Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:
- NB! maks 100 gjester
- kun førehandssal grunna sporing
- sitjeplassar til alle med 1 m avstand
- hygienestasjonar på området
- hyppig vask av fellesområde
- ingen sjuke på jobb
Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar

Search Anything
Close