Bakgårdsfest


Husorkester + grilling + heilaftan ute = Bakgårdsfest!


Vel møtt til Bakgårdsfest i Øystese - ein heilaftan ute i godt lag. Kjenn lukten av grillmat, set deg til i fine sitjegrupper, sjå på eit område som er jazza opp med blomar, høyr på deilig musikk frå eigen utescene omkransa av ljosrekkjer. Dette er Bakgårdsfest 2021!


PROGRAM:


Kl 1900: Portane opnar. Sal av grillmat og lesk.
Kl 1930: Sommarquiz med frekke vinstar
Kl 2030: Kickstarters, set 1
Kl 2130: Petrikor
Kl 2300: Kickstarters, set 2
Kl 0000: Skjenkestopp
Kl 0030: Arrangementet er ferdig
NB. Programmet/tidspunkt kan verta skuva grunna endra reglar knytt til covid19.

Kickstarters:
Kickstarters er eit band frå Hardanger. Me spelar våre eigne favorittrockelåtar frå 70-talet og fram til i dag - med solide riff, soloar og energisk vokal.
Birger Aga - trommer
Tiril Eiken - tangentar
Vebjørn Svartveit Larsen - bass
Geir Arne Fasteland - gitar
Oddbjørn Måge - gitar/vokal
Inger Liv Langstøyl - vokal

Petrikor:
Petrikor er eit folk-rockband frå Hamar, beståande av seks gutar med sans for 60- og 70-tallsrock, noko som og skin gjennom dei eigenskrivne låtane. Av Petrikor, som betyr "lukta etter regnet", kan du forventa deg ville gitarsoloar, varme vokalharmoniar og høgtsvevande trompetliner. Sjekk ut bandet på Spotify.

Tryggleik/Covid-19:

Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:
- maks 200 gjester. Kun førehandssal grunna sporing
- sitjeplassar til alle
- bordservering
- hygienestasjonar på området
- hyppig vask av fellesområde
- mogelegheit for 1 m avstand
- ingen sjuke på jobb
Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar

Arrangørar: Øystese fotball og Holmatun






Search Anything
Close