Frå Hardanger til Varanger


Vel møtt til inspirerande foredrag med 16 år gamle Øyvind Hildonen-Teigland som sommaren 2021 legg av garde på ein enormt lang sykkeltur frå Hardanger til Varanger, frå Øystese til Vadsø.

Her er presentasjonen den unge eventyraren forfatta sjølv:

Hei, eg heiter Øyvind Hildonen-Teigland, eg er snart 16 år og bur i Øystese i Hardanger. Eg er glad i å sykla og i sommar skal eg sykla til Vadsø i Finnmark. Dette har vore ein draum for meg lenge, og eg gleder meg til denne turen. Eg pleier å besøka bestemora og tanta mi i Vadsø kvar sommar. Det er langt dit, og vanlegvis tek eg fly, men denne gongen skal eg sykla. Grunnen til at eg skal sykla opp, er at eg er glad i å sykla, glad i naturen, og det kjem til å bli eit minne for livet. Eg gler meg til å sjå alle dei fine stadene i Noreg, og eg gler meg til å få til noko vanskeleg. Eg skal for det meste sova i telt på vegen opp. Om du vil sjå ruta mi, og spora meg medan eg syklar, har eg ei nettside.
Her er lenkja:
https://map.racetracker.no/?race=hardanger_varanger_2021

Velkomen til ei ungdommeleg formidling av ei lang reise gjennom Noreg!





Search Anything
Close