Familieframsyning: Hit eit steg


HIT EIT STEG

Basert på Ingebrigt Daviks univers

 

Ei musikalsk teaterframsyning om det å vente, glede, grue og undre.

Bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong. Ho har venta så frykteleg lenge og endeleg er dagen her. Alt er pakka og klart, det har ho sjekka minst ti tusen gonger. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både Måse-Mons, Måse-Mor og Vevekjerringa. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur.

Kva betyr det eigentleg å begynne på skulen? Kva er det ein skal lære der inne? Kanskje ein skal lære å fly? Eller må ein berre sitte der inne og vere stille heilt til ein vert vaksen? Bli med på Kaias ferd, skal tru om ho kjem seg til skulen.

Framsyninga er utvikla av Lina Taule Fjørtoft i samarbeid med regissør Ingrid Askvik, musikar Toivo Fjose og Det Vestnorske Teateret. «Hit eit steg» er basert på diktar og visesongar Ingebrigt Daviks fargerike univers.

Varigheit: ca. 45 minutt
Alder: frå 4 år
Med: Skodesplear Lina Taule Fjørtoft og musikar Toivo Fjose

BT gav 5 av 6 etter premieren og sa "En liten forestilling som fortjener et stort publikum"... "Energisk og varm" 
Barn i Byen skriv: «Hit eit steg» er en fengende og morsom forestilling for både barn og voksne". 


I samarbeid med Det Vestnorske Teateret og Folkeakademiet:

---

Tryggleik/Covid-19:

Me gjennomfører arrangementet innanfor gjeldande forskrift og bransjestandard med fylgjande lovnad frå arrangør:
- avgrensa antal gjester
- kun førehandssal grunna sporing
- sitjeplassar til alle med avstand
- hygienestasjonar på området
- ingen sjuke på jobb
Og me vonar du som gjest held deg heime om du syner symptom på luftvegsinfeksjonar

Search Anything
Close