Aldri vore på bingo med Microbandet? Skandale! Kjersti Døssland (Yamaha-synth, vokal) og Brit Aksnes (gitar, vokal) har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med bingo krydra med radbrekking/forbetring av andre sine låtar. Vassendgutane og Britney Spears har like høg stjerne, og begge får lik behandling av Microbandet.
Døsso har finjustert stemma si til bingovertinne-perfeksjon etter å ha tilbrakt mykje av studietida på byens etablerte bingobuler, og no kan DU få oppleva den same gleda, i eit hus som garantert har husa mangfaldige bingoar oppgjennom tidene. Velkomne til Tyst på Holmatun og hugs: ikkje lov å ropa bingo før du har bingo – for då tømer me ut drikko di!
Program:
Kl. 19:00: Dørene opnar.
Kl. 20:00: Bingostart
Kl. 02:00: Baren stengjer
Kl. 02:30: Dørene stengjer
Pris kr 150
23 års aldersgrense