Skotårsfest


Vel møtt til Skotårsfest i Holmatun!

Heile huset skal fyllast på sjølvaste skotårsdagen med spyrjeleik, konsert og dans. Alle som får ja på frieri får refundert billetten.
NB! 4 år til neste gong!

Program:

Kl 1900: Dørene opnar
Kl 1930: Quiz v/ ordførar Torgeir Næss (Peisestovo)
Kl 2200: Turbostipend (Storesalen)
Kl 2200: DJ Ice Ice Baby (Diskoen)
Kl 0200: Dørene stenger

Billettar:

Kr 350: Skotårsfest + skotårsquiz (inngang på både quiz, konsert og klubb)
Kr 325: Skotårsfest (inngang på konsert og klubb)
Kr 100: Skotårsquiz (inngang på quiz kl 19 - 22)

----


Programmet:


Partybandet Turbostipend returnerer til Holmatun med kostymar, sminke og to timar med hitspekka speleliste. Ein frekk katalog beståande av hissige 80-talslåtar frå Bon Jovi til Roxette som skal få publikum til å løfa taket i Storesalen.

Direkte frå Bergen til Holmatun: DJ-truppen Ice Ice Baby! Hippe bygutar med rot i musikkmiljøa på Langhaugen, Nordnes og Sandviken. Forvent drøye beats, coole klede og frekke uttrykk. Lock up your daughters!

Sjølvaste ordføraren Torgeir Næss kjem til Holmatun som quizmaster i Peisestovo. Ordførarkjedet vert bytt ut med aktuelle spørsmål til medborgarane i ein uhøgtidleg spørjeleik. Gode vinstar!


Arrangørar: Øystese fotball, Øystese næringslag og Holmatun.

Search Anything
Close