Foredrag: Kjartan Bergsvåg


Foredrag med eventyrar Kjartan Bergsvåg: Kjartan og kajakken - 40 år med eventyr. Ein hyllest til tundraen og å vera på veg.


Frå kryssing av Canada til Noreg på tvers til sauatrakk frå Fenne til Finse. Og for fyrste gong formidling av den førebels siste ekspedisjonen til elva Kolyma i Sibir i 2019 på leit etter spora til polarhelten Johan Koren. Kjartan har mange bein å stå på og driv i tillegg gard og sagbruk. På instagram går han som Norgespadlaren og har vore kjærleiksbonde i "Jakten på kjærligheten"!

Vel møtt til eit spennande foredrag med ein av kandidatane til Årets eventyrar i regi UTE!


Medarrangør: Kvam Turlag

Search Anything
Close