Om Holmatun


Holmatun har hysa gode opplevingar sidan 1927 og vil framleis gjera dette. Velkomen inn i varmen!

Møtelokale

Storesalen – kapasitet: 150
Pris på førespurnad. Sjølve storstova i Holmatun er vakkert utsmykka og har alle fasilitetar eit stormøte treng. Teknisk utstyr er oppgradert.

Peisestova – kapasitet: 100
Pris på førespurnad. Peisestova hyser kreative tankar og høver godt for møter i alle storleikar. Projektor og lerret er oppgradert. Kanskje vil fyr i peisen skapa ekstra gnist i møtet? Tilgang til te-kjøken og kjøl. Servering på førespurnad.

Møteloftet – kapasitet: 12
Pris på førespurnad. Intimt og oppussa lokale med heilstøypt utforming. Te-kjøken og kjøleskåp tilgjengeleg. Høver godt for kveldsmøter og dagmøter inkludert lunsj.

Fest og framsyningar

Storesalen – kapasitet: 235
Storstova har ein oppgradert secene og kan hysa konsertar og ulike typar framsyningar. Vertskap på huset og eigen teknikar tilgjengeleg. Pris på førespurnad.

Peisestova – kapasitet: 100
Peisestova kan hysa mindre og meir intime kulturformidlingar. Eigen miniscene tilgjengeleg. Høver svært godt i opplevingstilbod som inkluderer mat. Pris på førespurnad.

Vetlesalen – kapasitet: 80
Pris på førespurnad. Feira barnebursdagen i diskoen! Kjøken og langbord tilgjengeleg. Den gode stemninga vert trygga av eit hissig musikkanlegg og ei drug diskokule…